mandag 7. mars 2011

Årsmøte Fyresdal Musikkorps

Det vert årsmøte i Fyresdal Musikkorps torsdag 17.03.11 kl. 18:00 på Gimle Skule. Håpar at alle foreldre kjem. Møte startar med ein liten konsert. Enkel servering.

mandag 3. januar 2011

Styremøte 11.01.2011

Det blir styremøte i korpset tysdag 11. januar kl. 18:00 på Gimle. Er det saker de vil me skal take opp på møte, sei i frå til Aase Katrine.

Godt nyttår

Hei alle musikantar, fyrste øving i 2011 er torsdag 06.01.11. Har nokon att jolebakst ta den gjerne med., så blir det litt kos.

 Hovudinngangen på framsida er nå stengt p.g.a ombygging, så me må då bruke inngangen til småskulen.

Håpar at alle held frem i korpset, me treng dykk alle. Håpar og at me får mange aspirantar.

lørdag 25. desember 2010

Joleftan

Tusen takk for flott innsats til dei som var på POS, og til alle som spela i kyrkja. Eg syns me spela bra begge stadane.

God jol og godt nyttår til alle i korpset.

mandag 20. desember 2010

Me syng og spelar inn jola

Hei, takk for ein flott konsert søndag 19.12.10.

Dei som ikkje er på skulen i morgon tysdag 21.12,men som har anledning og lyst til å spele på hotellet. Møt opp kl. 08:50 på hotellet. Dei i korpset som er på skulen tek med instrument.

torsdag 16. desember 2010

Øving laurdag 18.12.10

Hugs laurdagsøving i Moland kyrkje 18.12.10,kl. 15:00.

Håpar alle som er ute på skular kan kome og.

søndag 28. november 2010

Årsplan Fyresdal musikkorps

Haust 2010
26.08 Fyrste øving
16.09 Ekstraordinært årsmøte
12.-14.11 Samanristingstur til Langesund
20.11 Speling Joker kl. 16:30
26.11 Jolegråntenning i Sentrum
28.11 Speling på Øyane kl.17:00
01.12 Kransekakebasar kl.18:00
09.12 Speling Hegglandsgrend
19.12 Me syng og spelar inn jola kl 17:00
24.12 Speling på POS og i kyrkja
Med atterhald om endringar

Speling på Øyane

Takk for topp innsats i kveld og. Nå er me ferdige med kalde utespelingar for i år. Til onsdag er kransekakebasar, med speling før basaren og kl 18:00.

Neste speling etter kransekakebasaren er på Heggland Dagligvare torsdag 09.12.10 kl.17:00. Her er det bare ei lita gruppe som skal spele. Rodney plukkar ut kven som skal spele, og dei får beskjed på kransekakebasaren.

lørdag 27. november 2010

Adventspeling

Heisann, spelinga på Joker Moland gjekk veldig bra synest eg. Då me spela i sentrum var det veldig kaldt, så det var nesten utruleg at me greide å spele noko i det heile.
Men det eg er mest imponert over, er at det er ingen klaging og syting om det er aldri så kald og surt. Det gjer meg stolt av korpset.

mandag 15. november 2010

Langesundstur

Tusen takk for ein kjempefin tur til Langesund.
Tusen takk til Rodney og Villy for god instruksjon, og til Inger som fekk til turen. Takk til Kim som var med å hjelpte til. Og ikkje minst takk til alle musikantane som spelar og spelar .