torsdag 22. mai 2008

Danmarkstur

Alle som skal vere med på Danmarksturen må skaffe seg Europeisk Helsetrygdekort, dette kan bestillast på internett på: https://tjenester.nav.no/helsetrygdkort/forside.do.
Du kan også bestille helsetrygdkortet på
NAVs automatiske Servicetelefon 810 33 810
SMS 26626
Skriv kort (mellomrom) fødselsnummer (11 siffer)
Send meldingen til 26626
NAV Helsetjenesteforvaltning Servicesenter 815 70 030

Du kan og innom NAV-kontoret i sentrum og bestille kortet der.

søndag 18. mai 2008

Fellesøving sundag 8. juni

Det blir fellesøving saman med Kviteseid Hornmusikk i høve Danmarksturen. Denne øvinga er fyrst og fremst for dei i hovudkorpset, og juniorar som skal vere med til Danmark, men alle er velkomne på øvinga. Øvinga er frå kl. 10.00-14.00. Det bli servert mat.

Bygdedagen 7. juni

Korpset skal spele kl. 11:00. Alle d.v.s hovudkorps, junior og aspirantar møter kl. 10.30 ved scenen i Øyskogen. Vi skal og ha kiosksal og lynlotteri. Kan kvar heim take med ein gevinst på ei øving innan torsdag 5. juni. Dersom du kjem tidleg på Bygdedagen kan du levere gevinsten din der.





.

17. mai 2008

Takk til alle i korpset, både store og små for kjempeflott innsats 17. mai. Takk til Rodney som har ein veldig travel dag, med pendling mellom Fyresdal og Kviteseid. Må og få takke Rob som tok på seg å bere fana. Viss nokon har bilete av korpset 17. mai vil eg gjerne ha dei så eg kan legge dei ut. De kan sende dei til e-post tjarlene@online.no.

fredag 16. mai 2008

17. mai

17. maigudstenesta blir i Moland kyrkje kl. 11.00, hovudkorps og juniorar møter i kyrkja 10.30.

fredag 9. mai 2008

Hurraaaaaa!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Korpset fekk kr. 16000.- i støtte til Danmarksturen, det synes eg er veldig flott.

Så tusen takk til Hovudutvalet for kultur, oppvekst og omsorg.