lørdag 25. desember 2010

Joleftan

Tusen takk for flott innsats til dei som var på POS, og til alle som spela i kyrkja. Eg syns me spela bra begge stadane.

God jol og godt nyttår til alle i korpset.

mandag 20. desember 2010

Me syng og spelar inn jola

Hei, takk for ein flott konsert søndag 19.12.10.

Dei som ikkje er på skulen i morgon tysdag 21.12,men som har anledning og lyst til å spele på hotellet. Møt opp kl. 08:50 på hotellet. Dei i korpset som er på skulen tek med instrument.

torsdag 16. desember 2010

Øving laurdag 18.12.10

Hugs laurdagsøving i Moland kyrkje 18.12.10,kl. 15:00.

Håpar alle som er ute på skular kan kome og.

søndag 28. november 2010

Årsplan Fyresdal musikkorps

Haust 2010
26.08 Fyrste øving
16.09 Ekstraordinært årsmøte
12.-14.11 Samanristingstur til Langesund
20.11 Speling Joker kl. 16:30
26.11 Jolegråntenning i Sentrum
28.11 Speling på Øyane kl.17:00
01.12 Kransekakebasar kl.18:00
09.12 Speling Hegglandsgrend
19.12 Me syng og spelar inn jola kl 17:00
24.12 Speling på POS og i kyrkja
Med atterhald om endringar

Speling på Øyane

Takk for topp innsats i kveld og. Nå er me ferdige med kalde utespelingar for i år. Til onsdag er kransekakebasar, med speling før basaren og kl 18:00.

Neste speling etter kransekakebasaren er på Heggland Dagligvare torsdag 09.12.10 kl.17:00. Her er det bare ei lita gruppe som skal spele. Rodney plukkar ut kven som skal spele, og dei får beskjed på kransekakebasaren.

lørdag 27. november 2010

Adventspeling

Heisann, spelinga på Joker Moland gjekk veldig bra synest eg. Då me spela i sentrum var det veldig kaldt, så det var nesten utruleg at me greide å spele noko i det heile.
Men det eg er mest imponert over, er at det er ingen klaging og syting om det er aldri så kald og surt. Det gjer meg stolt av korpset.

mandag 15. november 2010

Langesundstur

Tusen takk for ein kjempefin tur til Langesund.
Tusen takk til Rodney og Villy for god instruksjon, og til Inger som fekk til turen. Takk til Kim som var med å hjelpte til. Og ikkje minst takk til alle musikantane som spelar og spelar .

tirsdag 5. oktober 2010

Styremøte

Det blir styremøte i Fyresdal Musikkorps tirsdag 19.10.2010 kl. 18.00 på Gimle.

søndag 19. september 2010

Linkar

Linka til musikken me spelar.:    I was made for loving
                                                Summer nights 
                                                See you later alligator
                                                Beat it
                                                My heart is yours
                                                Smoke on the water
                                                Whiter shade of pale

mandag 6. september 2010

Ekstraordinært årsmøte

Det vert ekstraordinært årsmøte i Fyresdal Musikkorps  torsdag 16.09.10, kl 18:00 på musikkromet.

Sak: Vedtektsendring angåande tidspunkt for årsmøtet.

torsdag 19. august 2010

Fyrste øving hausten 2010

Hei, me har fyrste øving torsdag 26.08.10. Både aspirantar og hovudkorps møter på skulen kl. 18:00.

Håpar at alle saman held fram i korpset, eg veit det er nokon som reiser vekk på skular. Håpar de stikk innom når de er heime. 

Eg vil ynskje Rodney velkomen tilbake som dirigent og instruktør etter eitt års permisjon.

onsdag 4. august 2010

Bilder Sommarlandfestivalen

Hei, her er link til eit album frå festivalen Sommarlandfestivalen

tirsdag 22. juni 2010

Sommarlandfestivalen

Tusen takk for ei flott helg i Bø. Det er veldig moro å reise med ein slik flott gjeng. Spelinga gjekk veldig bra, konserten i Sommarland på laurdag var veldig bra(faktisk noko av det beste me har gjort i år), spelinga på søndag trur eg og gjekk bra, takk til Sarke som trødde til som dirigent.

Til slutt ein stooor takk til foreldra som var med, utan dykk hadde det ikkje gått.

P.S. Eg vil gjerne ha bilder frå festivalen, som eg kan legge ut på bloggen. De kan sende bilda på e-post til tjarlene@online.no eller trygve.jarle.nedrebo@fyresdal.kommune.no .

torsdag 17. juni 2010

Takk for i år.

Hei, alle musikantar og foreldre i Fyresdal Musikkorps. I kveld hadde me siste øving for dette korpsåret.
Nå er det bare att Sommarlandfestivalen før me tar ferie(håpar de spelar litt i ferien og), der skal me spele og kose oss frå fredag til søndag.

Eg vil takke dykk alle for eit flott korpsår, det vore veldig moro å vere vikar for Rodney i eit slikt flott korps. Eg har gleda meg til kvar øving og konsert!!!!!!! Eg reknar med at fyrste øving etter ferien blir torsdag 26.08.10.

Eg vil og ynskje Rodney velkomen tilbake frå Ameland.

TJ

tirsdag 15. juni 2010

Sommarlandfestivalen

Hei, her er link til Sommarlandfestivalen

Me skal diverre ikkje spele på konserten på laurdag kveld.

mandag 14. juni 2010

Øving torsdag 17.06.10

Hei, hugs at det er vanleg øving(ikkje aspirantar) torsdag 17.06.10.
Det er viktig at alle som kan kjem på øving. Det er og viktig at de øver og spelar mykje heime, vi skal spele i to parader og to konsertar inne i Sommarland. Nokon skal og på seminar med Brazz Bros.
Eg håpar og at vi får spele på underholdningskoserten på Gullbring laurdagskvelden.

onsdag 2. juni 2010

Speleliste Bygdedagen

Dette skal vi spele på Bygdedagen:

Chilentina
Summer holiday
Big Spender
Alley Cat
Bohemian Rapsody
Basin Street Blues

Aspirantane skal og spele eit par stykke.

Vi skal spele kl. 11:00, møte kl. 10:30. Vi brukar korpsgenseren.

torsdag 27. mai 2010

Sommarlandfestivalen

EKSTRA BILLETTAR TIL SOMMARLAND



 Dersom nokon ønskjer ekstra billettar for personar som ikkje er festivaldeltakarar, kan vi reservere modererte billettar til Sommarland under festivalen. Prisen er på kr 190,-

Viss det nokon av foreldra som ynskjer å kom til Bø Sommarland for å høyre korpset spele, sei i frå til Elin Skaali for bestilling av billettar, dette er rimlegare enn å kjøpe billett sjølv.

mandag 17. mai 2010

17. mai 2010

Hei, alle musikantar. Tusen, tusen takk for ein flott gjennomført 17. mai. Eg syntes me spela bra i kyrkja, i toget, og ikkje minst på folkefesten. Marsjeringa gjekk og veldig bra:-) Moro at Rodney kom og var med oss å spela.

Hugs øving til vanleg tid til torsdag, me har ennå att både bygdedag og festivalen i Bø, så det gjeld å halde øvinga vedlike.

onsdag 12. mai 2010

17.mai 2010

Hei, dei som skal bruke uniform 17. mai skal ikkje ha lue. I kyrkja skal vi spele nasjonalsangar og, Chilentina til offringa: På POS skal vil spele Ja, vi elsker, Fagert er landet og On parade again , marsjen skal vi spele når 6. klasse går polinese.

Me møter kl. 15:30 på samfunnshuset, sjå tidlegare innlegg for speleliste.

søndag 9. mai 2010

Øving tysdag 11.05.10

Heisann, hugs at me har øving tysdag 11.05.10, frå kl. 17:30-20:00.

Når det gjeld konserten på folkefesten, så byttar me Bohemian Rapsody med Alley Cat.

tirsdag 4. mai 2010

Folkefesten 17. mai 2010

Me spelar dette på Folkefesten:
Ja, vi elsker
Chilentina
Conserto D`amore
Big Spender
Alley Cat

onsdag 28. april 2010

Marsjmappa

Rekkefylgje i marsjmappa: Brass on parade, On parade again, Blues in the night, Basin street blues, Norge i rødt, hvitt og blått og javielskerfagerterlandetkongesangengudsignevårtdyrefedreland.

onsdag 21. april 2010

Konsert

Hei, eg er fornøgd med konserten i kveld, alt i alt så blei det bra. Litt smårusk var det men, slik er et det av og til. Neste konsert blir heilt sikker knallbra.  Det betyr bare at alle må øve meir.                            

lørdag 17. april 2010

Rekkefylgje konsert 21.04.10

Chilentina
Koraldelen på Choral and Rockout

Alley Cat
Conserto D`amore

Band 2-3 låtar


Big Spender
Bohemian Rhapsody
Pastime with good company

onsdag 14. april 2010

Øving og konsert

Hei, hugs øving til laurdag kl. 11.00-14.00, ta med niste. Me får frukt. Veldig viktig at så mange som mogeleg kjem på øving.

Me har konsert på biblioteket onsdag 20.04.10. Me møter kl 17:00, antrekk er korpsgenser og mørk bukse(helst svart).

P.S. Hugs å sjekk opp marsjutstyr: noteklype, marsjmappe, bandolær osb.

fredag 9. april 2010

Blues in the night

Hei, her er link til Blues in the night, ein av marsjane vi skal spele. De får den på neste øving.

tirsdag 6. april 2010

Konsertprogram 21.04.10

Hei, her er konsertprogrammet til vårkonserten 21.04.10

Alley Cat
Koraldelen på Choral and Rockout
Big Spender
Conserto D`amore
St. Louis Blues
Chilentina
Bruremarsj
Pastime with good company

mandag 5. april 2010

Øving tysdag 06.04.2010

Hei, håpar alle har hatt ein fin påskeferie sjølv om vèret har vore så ymse Hugs at junior og hovudkorps har øving i morgon, tysdag 06.04.2010 til vanleg tid.

NB: Aspirantar har ikkje øving denne og neste veke.

tirsdag 30. mars 2010

Tøffe instrument

Heisann, god påske til alle i korpset.

Sjekk desse tøffe instrumenta Taylor Trumpets 

tirsdag 9. mars 2010

Vest-Telemarkstemnet

Høydalsmo og Lårdal skulekorps




~ vennskap og musikk – hand i hand ~
VEST- TELEMARKSTEMNE I HØYDALSMO LAURDAG 20.03.2010
PROGRAM FOR DAGEN


09.00 – 10.00 Ankomst
Oppmøte på Høydalsmo samfunnshus
Tilvising til øvingsrom
10.00 – 10.30 Lunsj
10.30 – 14.30 Øvingar i grupper
Hovudkorps, juniorkorps, aspirantkorps og trommegruppe
14.30 – 15.30 Varmt måltid
15.30 – 16.30 Pause
Rigging til konsert
Alle ser til at instrument og notestativ kjem på plass i gymsalen
Garderobane er opne slik at musikantane kan skifte til uniform
15.30 – 17.00 Kafé/ kiosk
17.00 – ca. 18.00 Konsert
Velkommen alle saman! ♫ ♪ ♫


VEST-TELEMARKSTEVNE I HØYDALSMO



LAURDAG 20.MARS

Avreise frå Gimle skule kl. 08.00. Møt opp i god tid!

Programmet startar kl. 10.00 med lunsj.



Kl. 10.30 – 14.30: øving i grupper

Kl.14.30: varmt måltid

Kl. 15.30 –16.30: pause med kiosksal og rigging.

Kl. 17.00: KONSERT

TA MED:

• Instrument og notestativ

• Uniform (husk å sjekke ut om uniformen passer i god tid før stevnet…)

• Litt lommepenger

• Kr. 100,- til å dekke køyreutgifter.

Bergit Mikkelsen blir med heile dagen som ledsagar og vil sjå etter dei minste.

TRALLALLA, VI SKAL PÅ TUR, DETTE BLIR TØFT!!
































































 





















































mandag 8. mars 2010

Styremøte

Styremøte i kveld 08.03.10 kl. 18:00 på Gimle Skule.

torsdag 25. februar 2010

Noter

Hei atte, her er ein link til ei side der de kan laste ned og skrive ut musikk til dei fleste instrument, lærabøkar osb. http://search.4shared.com/network/search.jsp?searchmode=3&searchExtention=category%3A1 . Viss du søkjer etter noter er det lurt å endre filtype til text/office

Øving tysdag 02.03.10

Hei, hugs at neste veke er øvinga flytta fram til tysdag 02.03.10. Dette gjeld bare junior og hovudkorps. Aspirantane har øving som vanleg på torsdag.

mandag 1. februar 2010

Laurdagsøving

Hei, me bestemte at me skulle ha laurdagsøving 20.02.10 men, det er 4H-helg den helga, så me flyter fram øvinga til laurdag 13.02.10.

tirsdag 19. januar 2010

Rodney`s korps på Ameland

Her er ein link korpset til Rodney  klikk på Fotos & Muziek så finn de bilete av Rodney og korpset.

søndag 10. januar 2010

Speling Vrådal

Hei, takk for innsatsen i Vrådal  i går. Eg synest at me spela bra. Me fekk mykje skryt etterpå, og det er moro å spele saman med Kviteseid Hornmusikk.

mandag 4. januar 2010

Årets viktigaste spelejobb

LAURDAG 9.JANUAR




SKAL KORPSET VÅRT SPELE, SAMAN MED


KVITESEID HORNMUSIKK, I VRÅDAL


PÅ NMF SIN KORPSKONFERANSE


PÅ STRAAND HOTELL.


PROGRAM:


Kl. 11.00: Avreise frå Gimle skule i biler


Kl. 12.00: Øving


Kl. 13:30: Mat


Kl. 14:00: Øving


Kl. 17:00: Mat


Etter mat reiser vi til Straand Hotell


Kl. 19.30: Konsert


Antrekk: Korpsgenser


Ta med niste


Hugs å pusse instrumenta

Spelinga Vrådal 09.01.10

NMF arrangerer kvart år korps-konferanse på Straand hotel andre helga i januar. I år skal Fyresdal Musikkorps i lag med Kviteseid Hornmusikk spele på konferansen. Hald av denne dagen, og sjå foreløpig program for laurdag 9.januar:




Kl. 12.00: Øving i lag med Kviteseid Hornmusikk i aktivitesrommet på Kviteseid skule.

Kl. 13.30: Mat

Øving fram til ca kl. 17.00

Pause

Kl. 19.00: Frammøte på Straand hotel

kl. 19.30: Konsert


Antrekk: korpsgenser.