tirsdag 22. juni 2010

Sommarlandfestivalen

Tusen takk for ei flott helg i Bø. Det er veldig moro å reise med ein slik flott gjeng. Spelinga gjekk veldig bra, konserten i Sommarland på laurdag var veldig bra(faktisk noko av det beste me har gjort i år), spelinga på søndag trur eg og gjekk bra, takk til Sarke som trødde til som dirigent.

Til slutt ein stooor takk til foreldra som var med, utan dykk hadde det ikkje gått.

P.S. Eg vil gjerne ha bilder frå festivalen, som eg kan legge ut på bloggen. De kan sende bilda på e-post til tjarlene@online.no eller trygve.jarle.nedrebo@fyresdal.kommune.no .

torsdag 17. juni 2010

Takk for i år.

Hei, alle musikantar og foreldre i Fyresdal Musikkorps. I kveld hadde me siste øving for dette korpsåret.
Nå er det bare att Sommarlandfestivalen før me tar ferie(håpar de spelar litt i ferien og), der skal me spele og kose oss frå fredag til søndag.

Eg vil takke dykk alle for eit flott korpsår, det vore veldig moro å vere vikar for Rodney i eit slikt flott korps. Eg har gleda meg til kvar øving og konsert!!!!!!! Eg reknar med at fyrste øving etter ferien blir torsdag 26.08.10.

Eg vil og ynskje Rodney velkomen tilbake frå Ameland.

TJ

tirsdag 15. juni 2010

Sommarlandfestivalen

Hei, her er link til Sommarlandfestivalen

Me skal diverre ikkje spele på konserten på laurdag kveld.

mandag 14. juni 2010

Øving torsdag 17.06.10

Hei, hugs at det er vanleg øving(ikkje aspirantar) torsdag 17.06.10.
Det er viktig at alle som kan kjem på øving. Det er og viktig at de øver og spelar mykje heime, vi skal spele i to parader og to konsertar inne i Sommarland. Nokon skal og på seminar med Brazz Bros.
Eg håpar og at vi får spele på underholdningskoserten på Gullbring laurdagskvelden.

onsdag 2. juni 2010

Speleliste Bygdedagen

Dette skal vi spele på Bygdedagen:

Chilentina
Summer holiday
Big Spender
Alley Cat
Bohemian Rapsody
Basin Street Blues

Aspirantane skal og spele eit par stykke.

Vi skal spele kl. 11:00, møte kl. 10:30. Vi brukar korpsgenseren.