onsdag 24. desember 2008

God Jol

God jol til alle i Fyresdal Musikkorps. Tusen takk for ein fantastisk innsats i november og desember. Me har hatt så mykje som 12-13 speleoppdrag, det er det ikkje mange andre korps som har. I tillegg har vi hatt kransekakebasar, salg av jolenek og kakeboksar. Stor takk til foreldre som står på og køyrer ungane til øving å konsertar, som hjelper til på basaren, som sel kaker og jolenek. Utan dykk hadde vi ikkje greidd alt dette, så endå ein gong tusen takk.

P.S: Fyrste øving etter nyttår er torsdag 08.01.09.

mandag 22. desember 2008

Speling på POS og i kyrkja 24.12.2008

Hei, desse skal spele på POS: Jan Henrik, Nilia Kamilla, Anne Helene, Auver, Marte, Rodney og Trygve Jarle. Me skal spele kl. 15.00, møter kl 14.45.

Resten møter i kyrkja kl. 15.45, messa byrjar kl 16.15. Dette gjeld bare hovudkorps.

tirsdag 9. desember 2008

Speling Hegglandsgrend

Heisann, Rodney har snakka med dei som skal spele i Hegglandsgrend, det er ei gruppe av elevar frå ungdomsskulen. Så vaksne og dei yngste i hovudkorpset møter på øving til vanleg tid.

lørdag 6. desember 2008

Speling i Hegglandsgrend

Hallo, hugs at spelinga i Hegglandsgrend er flytta frå tysdag 09.12, til torsdag 11.12.08 kl. 17.00, møt kl. 16.45.

mandag 1. desember 2008

Øving 04.12.08

Hallo, hugs at det ikkje er øving torsdag 04.12.08.

Takk for flott innsats i sentrum og på Øyane
.

torsdag 20. november 2008

Speling november og desember




Til aspirantar, hovudkorps og føresette!
Fyresdal Musikkorps

Liste over ulike spelingar og oppgåver fram til jol.
dag og dato
tid
kven

Torsdag 27.11.
Kl. 17.00
Vi pyntar jolenek.
Alle

Fredag 28.11.
Kl. 18.00:
Jolegrantenning i sentrum.
Møt fram kl. 17.30!
Alle
NB! Gjerne nisseluer!

Sundag 30.11.
Kl. 17.00:
Jolegrantenning på Veum.
Møt fram kl. 16.45!
Alle

Onsdag 03.12.
Kl. 18.00:
Kransekakebasar!!
Vi spelar ute/inne frå kl.17.45.
Konsert kl.18.30.
Alle
NB! Korpsgenser.

Fredag 05.12.
Kl. 12.00
Jolemarknad på POS
Aspirantar

Kl. 17.00:
Nye Joker
Møt fram 16.45!
Hovudkorps
(Alle utanom aspirantar)

Kl. 18.00:
Hauggrend Nye
Hovudkorps
(Alle utanom aspirantar)

Torsdag 11.12.
Kl. 17.00:
Heggland Daglegvare
Møt fram kl. 16.45!
Lita gruppe frå ungdomsskulen


Laurdag 13.12.
Kl. 11.30
Øving i kyrkja.
Hovudkorps
(Alle utanom aspirantar)
Kl. 13.30
Jolemarknad i sentrum.

Alle
Sundag 14.12.
Kl. 18.00:
Me syng og spelar jola inn.
Møt fram kl. 17.30!
Hovudkorps
(Alle utanom aspirantar)
NB! Uniform!

Onsdag 24.12.
Kl. 15.00:Spele på POS.
Lita gruppe.
Kl. 16.15: I kyrkja.
Møt fram kl. 15.45!
Hovudkorps
(Alle utanom aspirantar)

OBS! Det blir inga øving (gjeld alle), torsdag 4.12. og torsdag 18.12.
Sosialt samvere på fyrste øvinga etter nyttår, torsdag 08.01.2009














.

Referat årsmøte 2008

Fyresdal Musikkorps

Referat frå årsmøte

Stad: Musikksalen på Gimle
Dag og dato: Torsdag 23.10.2008
Klokkeslett: Kl.18.00
Frammøtte: 36

Årsmøtet opna som vanleg med musikk av både aspirantar og hovudkorps.


Saker:
1. Val av møteleiar
Møteleiar vart Åse Tovslid

2. Val av referent
Referent vart Else Berit Mandt Gaaren.

3. Godkjenning av innkalling.
Innkallinga vart godkjend.

4. Rekneskap / driftsbudsjett.
Rekneskapet vart godkjend.

5. Årsmelding
Årsmeldinga vart godkjend.
Tillegg: Vi har søkt Gjensidige-fondet om kr.260 000, men vi må vente til i desember for å få svar på dette.

6. Val
Forutan kasserar og skrivar, så var resten av styret på val.
Vi trudde eigentleg ein ny leiar var klar, men på møtet enda vi opp med ingen kandidatar.
Åse sa seg difor viljug til å sitje eit år til. Bravo!!

Resultatet av valet vart slik:
Leiar: Åse Tovslid (2008 – 2009)
Nestleiar: Trygve Jarle Nedrebø (2008 – 2010)
Kasserar: Rob Saly (2007 – 2009)
Skrivar: Else Berit Mandt Gaaren (2007 – 2009)
Styremedlem: Inger Nome ( 2008 – 2010)



1. vara: Elin Skålid (2008 – 2009)
2. vara: Anette Gustavson (2008 – 2009)
Arr. komité: Turid Tislevoll (2008 – 2009)
Angela Gjersund (2008 –2009)
Erna Rydland (2008 – 2009)
Lisbeth Berge (2008 – 2009)
Instrumentforvaltar: Trygve Jarle Nedrebø (2008 – 2009)

Materialforvaltar: Tove Songøygard (2008 – 2009)

Valkomité: Torunn Storøygard (2008 – 2009)
Tone Wøllestad (2008 – 2009)

7. Årsmøtesaker
v Kontingenten
Kontingenten har lege på dei same satsane i fleire år, og desse ser slik ut:
o Medlem: kr.600
o Sysken: kr. 400
o Student: kr. 300

Framlegg til vedtak: Vi aukar med kr.100 i kvar av satsane.

Vedtak: Vi aukar med kr.100 i kvar av satsane.

8. Årsplan
Merknad til 1.11.: Juniorane er medlemer av hovudkorpset.
11.12.: Denne datoen er litt uviss.
I høve til seminar: Kan bruke delar av ungdomsskulen til overnatting. Datoen er noko uviss av di VT-stemnet ikkje er datobestemt ennå.
Vest-Telemark-stemnet: Haukeli-Edland står som arrangørar, men datoen er ikkje bestemt.
Ynskje frå føresette: Passar betre å ha fyrste øvinga på hausten på ein torsdag enn i ei helg.
Må få inn speling i Hauggrend på planen.
Endring i øvingane: Viktig å gje greie meldingar om endringar. Bruk e-post eller SMS.

9. Budsjett
Spørsmål: Finst det instrumentfond vi kan søkje om støtte frå?
Svar: Blir gjeve støtte bare til skulekorps og vi er registrert som eit blanda korps.
Det vert søkt om frifondsmiddel, og i dette ligg det óg instrumentfond.
Vi ynskjer å kjøpe inn nokre nye uniformer, men kvar uniform kostar 4-5000 kr.
Budsjettet vart godkjend.

10. Evt.
v Tiltak for å få pengar i kassa:
Selje kakeboksar og jolenek.
Dugnadsarbeid på Dyrsku`n.
Kiosksal på Bygdedagen.

v Rekruttering
· Lage ein strategi for rekruttering.
· Å få 3-4 nye kvart år er kanskje realistisk.
· Ikkje la ungane slutte midt i året, men vente til jol eller til våren.
· Viktig å inspirere til øving slik at dei fortare får meistringskjensle.
· Kanskje øve med playback og hefte. Viktig å dele musikk med kvarandre.
· La ungane få prøve seg på fleire instrument.
· Ha foreldremøte på hausten og kanskje på våren.



Til slutt vart det gåver og takk til Rodney for det gode arbeidet han gjer, og til Åse og Torunn for innsatsen i styret.
(Nå vart ikkje gåva til Åse ei ”sluttpakke” likevel, men heller ei ny ”startpakke” til å halde fram eit år til.)






Ref. Else Berit

Årsmelding 2007-2008

Styret har hatt fylgjande samansetjing:

Leiar: Åse Kathrine Tovslid
Nestleiar: Trygve Jarle Nedrebø
Kasserar: Rob Saly
Skrivar: Else Berit Mandt Gaaren
Styremedlem: Torunn Storøygard.

1. varamedlem: Elin Skålid
2. varamedlem: Ansgar Johre

Representantar frå korpset: Serine Sundgot og Jaran Gustavson.
Vara: Anne Helene Johre og Jan Henrik Storøygard Lie.

Arrangementkomite: Torunn Storøygard, Tone Wøllestad, Marit Van Delft,
Anne Britt Sundgot og Inger N. Nome.
Instrumentforvaltar: Trygve Jarle Nedrebø.
Materialforvaltar: Tove Songøygard.
Valkomite: Turid N. Tislevoll og Angela Gjersund.
.
Styret har hatt 8 møte sidan forrige årsmøte.
Hovudsaka for styret dette året har vore å leggje opp til korpstur, våren 2008. Turen skulle vere for juniorar og hovudkorps.
Ein eigen turkomité såg på alternative stader å reise til.
Det vart bestemt at turen i år skulle vere ein festivaltur, og etter kvart vart det óg bestemt at Kviteseid Hornmusikk skulle vere med.
Elles var planen at styret skulle arbeide med vedtekter for Fyresdal Musikkorps, men dette har det ikkje blitt tid til.
I tillegg til sjølve styret, så har arrangementkomitéen hatt nokre møte i høve til dei ulike arrangementa.


Korpset har delteke på fylgjande arrangement:

Haust 2007
21.-23.09.: Raulandstur
29.09.: Konsert
15.11.: Årsmøte
24.-25.11.: Seminar i Kviteseid (hovudkorps og junior)
30.11.: Jolegrantenning i sentrum.
01.12.: Jolegrantenning i Hauggrend
02.12.: Jolegrantenning på Veum.
05.12.: Kransekakebasar.
13.12.: Jolegrantenning i Hegglandsgrend.
16.12.: ”Me syng og spelar jola inn” i Moland kyrkje.
24.12.: Speling på POS og i kyrkja.

Vår 2008
08.03.: Vest-Telemark stemne i Flatdal.
17.05.: Speling i kyrkja, i toget og på folkefesten.
07.06.: Speling på bygdedagen.
20.-24.06.: Nordsø Festivalen 2008 Blokhus, Danmark

Haust 2008
17.08.: Korpsøving og mimrekveld saman med Kviteseid.
Grilling i Bryggjeparken.
08.10.: Spele for kronprinsparet i Øyskogen
23.10.: Årsmøte

Årsmøtet i 2007 vart halde 11.november i musikksalen på Gimle.

Kransekakebasaren 5.desember gav korpset ei netto inntekt på heile kr.38 000.

Vest-Telemark stemnet, 8.mars, vart lagt opp som eit seminar og ikkje som eit tradisjonelt stemne.

I høve til at Kviteseid Hornmusikk skulle vere med på festival, så blei det lagt opp til fleire fellesøvingar saman med dei.

Og det som då vil bli hugsa best dette året er sjølvsagt festivalen i Blokhus, Danmark,20.-24. juni. Turen vart vellukka både sosialt og spelemessig.

Resultatet på Nordsøfestivalen blei:
1.plass i programkonkurransen
2.plass i prima vista konkurransen
4.plass i gatemarsjkonkurransen
Samanlagt blei vi (Fyresdal + Kviteseid) ”Allroundmestere 2008”. Vi fekk óg gleda av å opne sirkusførestillinga der det var eit publikum på 600-700 personar. Det var fyrste gong eit korps hadde fått spele på sirkuset.
Til denne turen fekk korpset kr.16 000 i tilskot frå kommunen. Supert!!

Ei anna stor hending i 2008 var 8. oktober då Fyresdal hadde kongelege gjester på vitjing. Saman med Fyresdal Familiekor så vart Fyresdal Musikkorps inviterte til å spele for kronprinsesse Mette Marit og kronprins Haakon Magnus i Øyskogen. Der kunne spelarar, føresette og andre frammøtte glede seg over rosen og reklama kronprinsen gav korpset ved så raust å uttale: ”Det er ingen overdrivelse å si ar dere er flinke til å spille”.
To representantar frå korpset var óg inviterte til lunsj på Fyresdal Vertshus.

Elles har korpset distribuert telefonkatalogar i år óg, noko som har gjeve korpset ei inntekt på oml. kr. 5000.


TUSEN TAKK TIL:
Rodney for innsatsen han gjer for alle medlemene, og for den stoltheten og gleda han syner når korpset spelar bra.

Trygve Jarle som framleis stiller opp som vikar.

Medlemer og føresette for speling, dugnadsarbeid og evt.annan innsats for korpset.

Styret

onsdag 19. november 2008

Korpsaktivitetar november og desember

Vi skal selje julenek i år og, desse må pyntast. Dette skal vi gjere torsdag 27.11, på skulen, håpar mange kan hjelpe til med dette. Vi skal og selje kakeboksar. Laurdag 13.12 skal me ha stand på jolemarknaden.

Sjå på årsplanen, speling i Hegglandsgrend er flytta frå 09.12 til 11.12. Der står alle andre spelingar og.

torsdag 30. oktober 2008

Kulturskulekonsert

Hugs uniform på konserten til laurdag. Bukse, slips, jakke, svarte sko og svarte sokkar.

søndag 26. oktober 2008

Raulandstur 2008



Tusen takk for ein fin tur til Rauland. Det er veldig moro å vere på tur med ein slik positiv gjeng. De er snille å greie alle saman, både store og små.

Takk til Sarke og Rodney som gjer ein kjempeflott jobb. Takk til Jan Arild som fraktar oss trygt fram og tilbake med buss. Det er veldig behageleg å site på med deg.

Takk til Anne Britt og Bjørn som var med å gjorde denne helga vellykka.







Klikk på bileta så blir dei større. Viss det er nokon som har bilete vi eg gjerne ha dei. De kan sende dei til: tjarlene@online.no




























mandag 20. oktober 2008

Årsmøte

Hugs årsmøte til tordag 23.10, kl.18:00 på musikkromet.

lørdag 11. oktober 2008

Påminning

Hugs at det er øving torsdag 16.10.08

onsdag 8. oktober 2008

Kronprinsbesøk





Hei, alle våte, kalde og kjempeflinke musikantar. Vi gjorde ein kjempefin konsert i Øyskogen i dag, sjølv om vi blei klissvåte, var det ingen som klaga. Det synest eg er kjempeflott.


Tusen takk alle saman:-)



Øving

Torsdag 16. oktober er det planleggingsdag og skulefri. Det blir likevel vanleg øving for alle.
Håpar dei fleste kan kome.

onsdag 1. oktober 2008

Kulturskulekonsert

Laurdag 01.11.08 feirar kulturskulen 10 år, då skal korpset vere med å spele.
Konserten startar kl. 18:00, meir info kjem seinare.

Rauland 24-26.10.08

Hugs å levere lappen innan torsdag 02.10.08. Denne turen er for både aspirantar, juniorar og hovudkorps.

Årsmøte

Torsdag 23.10, er det årsmøte kl 18:00 på musikkromet. sakspapira blir dela ut på årsmøtet
NB! Det blir ikkje vanleg øving, men vi skal spele på årsmøtet.

Kronprinsparet

Onsdag 08.10.08, skal vi spele kl. 11:00 i Øyskogen. Møt fram kl. 10:00. Vi skal ha uniform, svarte sokkar og svarte sko. Hugs å sjekke uniformen.

torsdag 11. september 2008

Kronprinsparet

Onsdag 08.10.08. kjem DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessen på besøk til Fyresdal.
I den anledning skal hovudkorpset spele. Vi skal spele i Øyskogen kl. 11:00. Vi håpar at dei fleste kan vere med sjølv om det er i haustferien. Det kjem meir info seinare.

mandag 1. september 2008

Rauland

Det blir samanristingstur til Rauland 24-26.10.08
Meir info kjem.

torsdag 28. august 2008

Avlyst øving

Då Rodney er på kurs, blir det ikkje øving torsdag 04.09.08.
Dette gjeld både aspirantar og hovudkorps.

onsdag 13. august 2008

Viktige meldingar

Til aspirantar, juniorar, medlemer i hovudkorpset og føresette!


Fyrste øvinga i haust blir saman med Kviteseid, sundag 17.august (ikkje laurdag 16.), kl. 15.00 - 17.00 i musikksalen på Gimle. Både aspirantar og hovudkorps møter altså kl.15.00.


Kl.17.00 inviterer vi så spelarane, føresette og syskjen til sosialt samvere og grilling ved bryggja. Ta med eigen mat og drikke!

Øvingane framover blir på denne måten:
Aspirantar: Torsdag, kl. 17.00 – 18.00
Juniorar og hovudkorps: Torsdag, kl. 18.00 - 20.00.

Telefonkatalogar
Åse må ha rapporteringsskjemaene seinast 26.august!

Kronprinsparet vitjar Fyresdal onsdag 8.oktober.
Dette blir midt i haustferien. Dersom korpset blir spurde om å
spele – kven kan stille opp denne dagen?? Gje melding til Rodney om du kan eller ikkje.

Heimesida til korpset ligg på denne adressa: fyresdalmu.blogspot.com
Her blir du oppdatera på kva som skjer i korpset.


Helsing
styret

tirsdag 12. august 2008

Samanristingstur til Rauland eller seminar på Dalen

Same helga som vi har bestemt at vi skal til Rauland, har vi fått invitasjon til seminar på Dalen. Eg har lagt ut ei meiningsmåling der det gjeng an å stemme på det ein helst vil. Dette også for å sjå om websida vår blir bruka.

Velkomen til eit nytt fint korpsår!!!!

Hei, alle musikantar. Fyrste øving blir søndag 17.08.08 saman med Kviteseid Hornmusikk. Øvinga er for både aspirantar og hovudkorps.
Vi møtas på musikkromet på Gimle, og spelar frå kl. 15.00-17.00. Etterpå reiser vi ned i Bryggeparken for å grille og kose oss. Alle tar med seg grillmat.



P.S. Torsdagsøvingane vil for hovudkorpset vere frå 18:00-20:00 som før.







fredag 27. juni 2008

Bilete frå Danmarksturen


Sjefen







Klikk på bilete for å sjå dei i stort format.


Eg vil gjerne ha fleire bilete frå turen. De kan sende dei til tjarlene@online.no













onsdag 25. juni 2008

Fyrsdal Musikkorps+Kviteseid Hornmusikk= BEST

Hei, alle som var med til Danmark. Nok ein tusen takk for ein kjempefin tur. Det var ein spent gjeng som sette kursen for Danmark 20.06.08, vi plukka opp Kviteseid Hornmusikk i Treungen.

Vi har hatt nokon flotte dagar med tivoli, sirkus og bading, og ikkje minst speling. Vi deltok i tre konkurransar. I Primavista-konkurransen fekk vi 2. plass, i programkonkuransen fekk vi 1. plass, i marsj-konkurransen blei det 4. plass, og som om det ikkje var nok så fekk vi 1. plass samanlagt.

Same kvelden var vi på sirkus, då fekk vi som dei einaste ever som ikkje jobbar i sirkuset(Cirkus Dannebrog) lov til å stå i manesjen og spele. Vi spela då for ca. 600 tilhøyrarar. Det var ein fantastisk opplevelse å bli møtt av kjempeapplaus då vi kom inn i manesjen.

Eg vil få takke alle som var med på turen, for at dette vart ein oppleving for livet.
Takk til Rob for trygg turplanlegging og turleiing, takk til Jan Arild som fekk oss trygt til Danmark og heimatt, og tusen takk til Rodney som ledar oss på ein flott måte, og for at han let seg overtale til å stille opp i programkonkurransen;-)

torsdag 22. mai 2008

Danmarkstur

Alle som skal vere med på Danmarksturen må skaffe seg Europeisk Helsetrygdekort, dette kan bestillast på internett på: https://tjenester.nav.no/helsetrygdkort/forside.do.
Du kan også bestille helsetrygdkortet på
NAVs automatiske Servicetelefon 810 33 810
SMS 26626
Skriv kort (mellomrom) fødselsnummer (11 siffer)
Send meldingen til 26626
NAV Helsetjenesteforvaltning Servicesenter 815 70 030

Du kan og innom NAV-kontoret i sentrum og bestille kortet der.

søndag 18. mai 2008

Fellesøving sundag 8. juni

Det blir fellesøving saman med Kviteseid Hornmusikk i høve Danmarksturen. Denne øvinga er fyrst og fremst for dei i hovudkorpset, og juniorar som skal vere med til Danmark, men alle er velkomne på øvinga. Øvinga er frå kl. 10.00-14.00. Det bli servert mat.

Bygdedagen 7. juni

Korpset skal spele kl. 11:00. Alle d.v.s hovudkorps, junior og aspirantar møter kl. 10.30 ved scenen i Øyskogen. Vi skal og ha kiosksal og lynlotteri. Kan kvar heim take med ein gevinst på ei øving innan torsdag 5. juni. Dersom du kjem tidleg på Bygdedagen kan du levere gevinsten din der.





.

17. mai 2008

Takk til alle i korpset, både store og små for kjempeflott innsats 17. mai. Takk til Rodney som har ein veldig travel dag, med pendling mellom Fyresdal og Kviteseid. Må og få takke Rob som tok på seg å bere fana. Viss nokon har bilete av korpset 17. mai vil eg gjerne ha dei så eg kan legge dei ut. De kan sende dei til e-post tjarlene@online.no.

fredag 16. mai 2008

17. mai

17. maigudstenesta blir i Moland kyrkje kl. 11.00, hovudkorps og juniorar møter i kyrkja 10.30.

fredag 9. mai 2008

Hurraaaaaa!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Korpset fekk kr. 16000.- i støtte til Danmarksturen, det synes eg er veldig flott.

Så tusen takk til Hovudutvalet for kultur, oppvekst og omsorg.

lørdag 26. april 2008

Kommentarar.

Hei, nå er det enklare å legge inn kommentarar på bloggen. Du treng ikkje registrere deg. Du bare klikkar på kommentar under innlegget. Då får du opp eit vindauge der du kan skrive kommentaren eller spørsmålet ditt, etter det skriv du inn dei bokstavane du ser nedanfor(ordbekreftelese), så kan du velge å legge ut kommentaren ved å klikke på navn/nettadresse, og skrive navnet ditt. Alle kan lese kommentarane. Ein kan og legge inn kommentarar anonymt, men det håpar eg at ingen gjer.

torsdag 17. april 2008

Viktig melding!!! Forandring av øvingstidspunkt.

Frå og med neste øving 24.04.08 blir øvinga for hovudkorpset utvida til 20.30.

Dette gjeld bare hovudkorpset.

onsdag 9. april 2008

Samanristingstur

Samanristingsturen til Rauland til hausten blir frå 24.10-26.10.08

lørdag 15. mars 2008

Ekstra-øvingar

Det blir øving saman med Kviteseid Hornmusikk i Kviteseid laurdag 26.04.08 kl. 10-14:00
Denne øvinga er for alle. Vi får mat. Transport og avreisetidspunkt kjem vi attende til.

Det bli og øving søndag 08.06.08 kl.10.00-14.00, saman med Kviteseid i Fyresdal.
Denne øvinga er for Junior og Hovudkorps.

Linkeparty

Fredag 14.03-15.03.08 arrangera dei eldre gutane linkeparty på Fyresdal Vertshus. Vi var ikkje så mange, men vi hadde det veldig koselig.





Her er det gutar i full konsentrasjon:)








tirsdag 11. mars 2008

Dette er Fyresdal Musikkorps si webside

Vi hadde lyst til å ha ei webside for korpset,så vi prøvar med ein blogg. Her vil det bli lagt inn årsplan, endringar på denne, bilder, nyhetar, og linkar osv.