søndag 28. november 2010

Årsplan Fyresdal musikkorps

Haust 2010
26.08 Fyrste øving
16.09 Ekstraordinært årsmøte
12.-14.11 Samanristingstur til Langesund
20.11 Speling Joker kl. 16:30
26.11 Jolegråntenning i Sentrum
28.11 Speling på Øyane kl.17:00
01.12 Kransekakebasar kl.18:00
09.12 Speling Hegglandsgrend
19.12 Me syng og spelar inn jola kl 17:00
24.12 Speling på POS og i kyrkja
Med atterhald om endringar

Speling på Øyane

Takk for topp innsats i kveld og. Nå er me ferdige med kalde utespelingar for i år. Til onsdag er kransekakebasar, med speling før basaren og kl 18:00.

Neste speling etter kransekakebasaren er på Heggland Dagligvare torsdag 09.12.10 kl.17:00. Her er det bare ei lita gruppe som skal spele. Rodney plukkar ut kven som skal spele, og dei får beskjed på kransekakebasaren.

lørdag 27. november 2010

Adventspeling

Heisann, spelinga på Joker Moland gjekk veldig bra synest eg. Då me spela i sentrum var det veldig kaldt, så det var nesten utruleg at me greide å spele noko i det heile.
Men det eg er mest imponert over, er at det er ingen klaging og syting om det er aldri så kald og surt. Det gjer meg stolt av korpset.

mandag 15. november 2010

Langesundstur

Tusen takk for ein kjempefin tur til Langesund.
Tusen takk til Rodney og Villy for god instruksjon, og til Inger som fekk til turen. Takk til Kim som var med å hjelpte til. Og ikkje minst takk til alle musikantane som spelar og spelar .