torsdag 11. september 2008

Kronprinsparet

Onsdag 08.10.08. kjem DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessen på besøk til Fyresdal.
I den anledning skal hovudkorpset spele. Vi skal spele i Øyskogen kl. 11:00. Vi håpar at dei fleste kan vere med sjølv om det er i haustferien. Det kjem meir info seinare.

mandag 1. september 2008

Rauland

Det blir samanristingstur til Rauland 24-26.10.08
Meir info kjem.

torsdag 28. august 2008

Avlyst øving

Då Rodney er på kurs, blir det ikkje øving torsdag 04.09.08.
Dette gjeld både aspirantar og hovudkorps.

onsdag 13. august 2008

Viktige meldingar

Til aspirantar, juniorar, medlemer i hovudkorpset og føresette!


Fyrste øvinga i haust blir saman med Kviteseid, sundag 17.august (ikkje laurdag 16.), kl. 15.00 - 17.00 i musikksalen på Gimle. Både aspirantar og hovudkorps møter altså kl.15.00.


Kl.17.00 inviterer vi så spelarane, føresette og syskjen til sosialt samvere og grilling ved bryggja. Ta med eigen mat og drikke!

Øvingane framover blir på denne måten:
Aspirantar: Torsdag, kl. 17.00 – 18.00
Juniorar og hovudkorps: Torsdag, kl. 18.00 - 20.00.

Telefonkatalogar
Åse må ha rapporteringsskjemaene seinast 26.august!

Kronprinsparet vitjar Fyresdal onsdag 8.oktober.
Dette blir midt i haustferien. Dersom korpset blir spurde om å
spele – kven kan stille opp denne dagen?? Gje melding til Rodney om du kan eller ikkje.

Heimesida til korpset ligg på denne adressa: fyresdalmu.blogspot.com
Her blir du oppdatera på kva som skjer i korpset.


Helsing
styret

tirsdag 12. august 2008

Samanristingstur til Rauland eller seminar på Dalen

Same helga som vi har bestemt at vi skal til Rauland, har vi fått invitasjon til seminar på Dalen. Eg har lagt ut ei meiningsmåling der det gjeng an å stemme på det ein helst vil. Dette også for å sjå om websida vår blir bruka.

Velkomen til eit nytt fint korpsår!!!!

Hei, alle musikantar. Fyrste øving blir søndag 17.08.08 saman med Kviteseid Hornmusikk. Øvinga er for både aspirantar og hovudkorps.
Vi møtas på musikkromet på Gimle, og spelar frå kl. 15.00-17.00. Etterpå reiser vi ned i Bryggeparken for å grille og kose oss. Alle tar med seg grillmat.



P.S. Torsdagsøvingane vil for hovudkorpset vere frå 18:00-20:00 som før.







fredag 27. juni 2008

Bilete frå Danmarksturen


Sjefen







Klikk på bilete for å sjå dei i stort format.


Eg vil gjerne ha fleire bilete frå turen. De kan sende dei til tjarlene@online.no













onsdag 25. juni 2008

Fyrsdal Musikkorps+Kviteseid Hornmusikk= BEST

Hei, alle som var med til Danmark. Nok ein tusen takk for ein kjempefin tur. Det var ein spent gjeng som sette kursen for Danmark 20.06.08, vi plukka opp Kviteseid Hornmusikk i Treungen.

Vi har hatt nokon flotte dagar med tivoli, sirkus og bading, og ikkje minst speling. Vi deltok i tre konkurransar. I Primavista-konkurransen fekk vi 2. plass, i programkonkuransen fekk vi 1. plass, i marsj-konkurransen blei det 4. plass, og som om det ikkje var nok så fekk vi 1. plass samanlagt.

Same kvelden var vi på sirkus, då fekk vi som dei einaste ever som ikkje jobbar i sirkuset(Cirkus Dannebrog) lov til å stå i manesjen og spele. Vi spela då for ca. 600 tilhøyrarar. Det var ein fantastisk opplevelse å bli møtt av kjempeapplaus då vi kom inn i manesjen.

Eg vil få takke alle som var med på turen, for at dette vart ein oppleving for livet.
Takk til Rob for trygg turplanlegging og turleiing, takk til Jan Arild som fekk oss trygt til Danmark og heimatt, og tusen takk til Rodney som ledar oss på ein flott måte, og for at han let seg overtale til å stille opp i programkonkurransen;-)

torsdag 22. mai 2008

Danmarkstur

Alle som skal vere med på Danmarksturen må skaffe seg Europeisk Helsetrygdekort, dette kan bestillast på internett på: https://tjenester.nav.no/helsetrygdkort/forside.do.
Du kan også bestille helsetrygdkortet på
NAVs automatiske Servicetelefon 810 33 810
SMS 26626
Skriv kort (mellomrom) fødselsnummer (11 siffer)
Send meldingen til 26626
NAV Helsetjenesteforvaltning Servicesenter 815 70 030

Du kan og innom NAV-kontoret i sentrum og bestille kortet der.