torsdag 20. november 2008

Referat årsmøte 2008

Fyresdal Musikkorps

Referat frå årsmøte

Stad: Musikksalen på Gimle
Dag og dato: Torsdag 23.10.2008
Klokkeslett: Kl.18.00
Frammøtte: 36

Årsmøtet opna som vanleg med musikk av både aspirantar og hovudkorps.


Saker:
1. Val av møteleiar
Møteleiar vart Åse Tovslid

2. Val av referent
Referent vart Else Berit Mandt Gaaren.

3. Godkjenning av innkalling.
Innkallinga vart godkjend.

4. Rekneskap / driftsbudsjett.
Rekneskapet vart godkjend.

5. Årsmelding
Årsmeldinga vart godkjend.
Tillegg: Vi har søkt Gjensidige-fondet om kr.260 000, men vi må vente til i desember for å få svar på dette.

6. Val
Forutan kasserar og skrivar, så var resten av styret på val.
Vi trudde eigentleg ein ny leiar var klar, men på møtet enda vi opp med ingen kandidatar.
Åse sa seg difor viljug til å sitje eit år til. Bravo!!

Resultatet av valet vart slik:
Leiar: Åse Tovslid (2008 – 2009)
Nestleiar: Trygve Jarle Nedrebø (2008 – 2010)
Kasserar: Rob Saly (2007 – 2009)
Skrivar: Else Berit Mandt Gaaren (2007 – 2009)
Styremedlem: Inger Nome ( 2008 – 2010)



1. vara: Elin Skålid (2008 – 2009)
2. vara: Anette Gustavson (2008 – 2009)
Arr. komité: Turid Tislevoll (2008 – 2009)
Angela Gjersund (2008 –2009)
Erna Rydland (2008 – 2009)
Lisbeth Berge (2008 – 2009)
Instrumentforvaltar: Trygve Jarle Nedrebø (2008 – 2009)

Materialforvaltar: Tove Songøygard (2008 – 2009)

Valkomité: Torunn Storøygard (2008 – 2009)
Tone Wøllestad (2008 – 2009)

7. Årsmøtesaker
v Kontingenten
Kontingenten har lege på dei same satsane i fleire år, og desse ser slik ut:
o Medlem: kr.600
o Sysken: kr. 400
o Student: kr. 300

Framlegg til vedtak: Vi aukar med kr.100 i kvar av satsane.

Vedtak: Vi aukar med kr.100 i kvar av satsane.

8. Årsplan
Merknad til 1.11.: Juniorane er medlemer av hovudkorpset.
11.12.: Denne datoen er litt uviss.
I høve til seminar: Kan bruke delar av ungdomsskulen til overnatting. Datoen er noko uviss av di VT-stemnet ikkje er datobestemt ennå.
Vest-Telemark-stemnet: Haukeli-Edland står som arrangørar, men datoen er ikkje bestemt.
Ynskje frå føresette: Passar betre å ha fyrste øvinga på hausten på ein torsdag enn i ei helg.
Må få inn speling i Hauggrend på planen.
Endring i øvingane: Viktig å gje greie meldingar om endringar. Bruk e-post eller SMS.

9. Budsjett
Spørsmål: Finst det instrumentfond vi kan søkje om støtte frå?
Svar: Blir gjeve støtte bare til skulekorps og vi er registrert som eit blanda korps.
Det vert søkt om frifondsmiddel, og i dette ligg det óg instrumentfond.
Vi ynskjer å kjøpe inn nokre nye uniformer, men kvar uniform kostar 4-5000 kr.
Budsjettet vart godkjend.

10. Evt.
v Tiltak for å få pengar i kassa:
Selje kakeboksar og jolenek.
Dugnadsarbeid på Dyrsku`n.
Kiosksal på Bygdedagen.

v Rekruttering
· Lage ein strategi for rekruttering.
· Å få 3-4 nye kvart år er kanskje realistisk.
· Ikkje la ungane slutte midt i året, men vente til jol eller til våren.
· Viktig å inspirere til øving slik at dei fortare får meistringskjensle.
· Kanskje øve med playback og hefte. Viktig å dele musikk med kvarandre.
· La ungane få prøve seg på fleire instrument.
· Ha foreldremøte på hausten og kanskje på våren.



Til slutt vart det gåver og takk til Rodney for det gode arbeidet han gjer, og til Åse og Torunn for innsatsen i styret.
(Nå vart ikkje gåva til Åse ei ”sluttpakke” likevel, men heller ei ny ”startpakke” til å halde fram eit år til.)






Ref. Else Berit

Ingen kommentarer: