torsdag 20. november 2008

Årsmelding 2007-2008

Styret har hatt fylgjande samansetjing:

Leiar: Åse Kathrine Tovslid
Nestleiar: Trygve Jarle Nedrebø
Kasserar: Rob Saly
Skrivar: Else Berit Mandt Gaaren
Styremedlem: Torunn Storøygard.

1. varamedlem: Elin Skålid
2. varamedlem: Ansgar Johre

Representantar frå korpset: Serine Sundgot og Jaran Gustavson.
Vara: Anne Helene Johre og Jan Henrik Storøygard Lie.

Arrangementkomite: Torunn Storøygard, Tone Wøllestad, Marit Van Delft,
Anne Britt Sundgot og Inger N. Nome.
Instrumentforvaltar: Trygve Jarle Nedrebø.
Materialforvaltar: Tove Songøygard.
Valkomite: Turid N. Tislevoll og Angela Gjersund.
.
Styret har hatt 8 møte sidan forrige årsmøte.
Hovudsaka for styret dette året har vore å leggje opp til korpstur, våren 2008. Turen skulle vere for juniorar og hovudkorps.
Ein eigen turkomité såg på alternative stader å reise til.
Det vart bestemt at turen i år skulle vere ein festivaltur, og etter kvart vart det óg bestemt at Kviteseid Hornmusikk skulle vere med.
Elles var planen at styret skulle arbeide med vedtekter for Fyresdal Musikkorps, men dette har det ikkje blitt tid til.
I tillegg til sjølve styret, så har arrangementkomitéen hatt nokre møte i høve til dei ulike arrangementa.


Korpset har delteke på fylgjande arrangement:

Haust 2007
21.-23.09.: Raulandstur
29.09.: Konsert
15.11.: Årsmøte
24.-25.11.: Seminar i Kviteseid (hovudkorps og junior)
30.11.: Jolegrantenning i sentrum.
01.12.: Jolegrantenning i Hauggrend
02.12.: Jolegrantenning på Veum.
05.12.: Kransekakebasar.
13.12.: Jolegrantenning i Hegglandsgrend.
16.12.: ”Me syng og spelar jola inn” i Moland kyrkje.
24.12.: Speling på POS og i kyrkja.

Vår 2008
08.03.: Vest-Telemark stemne i Flatdal.
17.05.: Speling i kyrkja, i toget og på folkefesten.
07.06.: Speling på bygdedagen.
20.-24.06.: Nordsø Festivalen 2008 Blokhus, Danmark

Haust 2008
17.08.: Korpsøving og mimrekveld saman med Kviteseid.
Grilling i Bryggjeparken.
08.10.: Spele for kronprinsparet i Øyskogen
23.10.: Årsmøte

Årsmøtet i 2007 vart halde 11.november i musikksalen på Gimle.

Kransekakebasaren 5.desember gav korpset ei netto inntekt på heile kr.38 000.

Vest-Telemark stemnet, 8.mars, vart lagt opp som eit seminar og ikkje som eit tradisjonelt stemne.

I høve til at Kviteseid Hornmusikk skulle vere med på festival, så blei det lagt opp til fleire fellesøvingar saman med dei.

Og det som då vil bli hugsa best dette året er sjølvsagt festivalen i Blokhus, Danmark,20.-24. juni. Turen vart vellukka både sosialt og spelemessig.

Resultatet på Nordsøfestivalen blei:
1.plass i programkonkurransen
2.plass i prima vista konkurransen
4.plass i gatemarsjkonkurransen
Samanlagt blei vi (Fyresdal + Kviteseid) ”Allroundmestere 2008”. Vi fekk óg gleda av å opne sirkusførestillinga der det var eit publikum på 600-700 personar. Det var fyrste gong eit korps hadde fått spele på sirkuset.
Til denne turen fekk korpset kr.16 000 i tilskot frå kommunen. Supert!!

Ei anna stor hending i 2008 var 8. oktober då Fyresdal hadde kongelege gjester på vitjing. Saman med Fyresdal Familiekor så vart Fyresdal Musikkorps inviterte til å spele for kronprinsesse Mette Marit og kronprins Haakon Magnus i Øyskogen. Der kunne spelarar, føresette og andre frammøtte glede seg over rosen og reklama kronprinsen gav korpset ved så raust å uttale: ”Det er ingen overdrivelse å si ar dere er flinke til å spille”.
To representantar frå korpset var óg inviterte til lunsj på Fyresdal Vertshus.

Elles har korpset distribuert telefonkatalogar i år óg, noko som har gjeve korpset ei inntekt på oml. kr. 5000.


TUSEN TAKK TIL:
Rodney for innsatsen han gjer for alle medlemene, og for den stoltheten og gleda han syner når korpset spelar bra.

Trygve Jarle som framleis stiller opp som vikar.

Medlemer og føresette for speling, dugnadsarbeid og evt.annan innsats for korpset.

Styret

Ingen kommentarer: