fredag 27. juni 2008

Bilete frå Danmarksturen


Sjefen







Klikk på bilete for å sjå dei i stort format.


Eg vil gjerne ha fleire bilete frå turen. De kan sende dei til tjarlene@online.no













onsdag 25. juni 2008

Fyrsdal Musikkorps+Kviteseid Hornmusikk= BEST

Hei, alle som var med til Danmark. Nok ein tusen takk for ein kjempefin tur. Det var ein spent gjeng som sette kursen for Danmark 20.06.08, vi plukka opp Kviteseid Hornmusikk i Treungen.

Vi har hatt nokon flotte dagar med tivoli, sirkus og bading, og ikkje minst speling. Vi deltok i tre konkurransar. I Primavista-konkurransen fekk vi 2. plass, i programkonkuransen fekk vi 1. plass, i marsj-konkurransen blei det 4. plass, og som om det ikkje var nok så fekk vi 1. plass samanlagt.

Same kvelden var vi på sirkus, då fekk vi som dei einaste ever som ikkje jobbar i sirkuset(Cirkus Dannebrog) lov til å stå i manesjen og spele. Vi spela då for ca. 600 tilhøyrarar. Det var ein fantastisk opplevelse å bli møtt av kjempeapplaus då vi kom inn i manesjen.

Eg vil få takke alle som var med på turen, for at dette vart ein oppleving for livet.
Takk til Rob for trygg turplanlegging og turleiing, takk til Jan Arild som fekk oss trygt til Danmark og heimatt, og tusen takk til Rodney som ledar oss på ein flott måte, og for at han let seg overtale til å stille opp i programkonkurransen;-)