torsdag 30. oktober 2008

Kulturskulekonsert

Hugs uniform på konserten til laurdag. Bukse, slips, jakke, svarte sko og svarte sokkar.

søndag 26. oktober 2008

Raulandstur 2008



Tusen takk for ein fin tur til Rauland. Det er veldig moro å vere på tur med ein slik positiv gjeng. De er snille å greie alle saman, både store og små.

Takk til Sarke og Rodney som gjer ein kjempeflott jobb. Takk til Jan Arild som fraktar oss trygt fram og tilbake med buss. Det er veldig behageleg å site på med deg.

Takk til Anne Britt og Bjørn som var med å gjorde denne helga vellykka.







Klikk på bileta så blir dei større. Viss det er nokon som har bilete vi eg gjerne ha dei. De kan sende dei til: tjarlene@online.no




























mandag 20. oktober 2008

Årsmøte

Hugs årsmøte til tordag 23.10, kl.18:00 på musikkromet.

lørdag 11. oktober 2008

Påminning

Hugs at det er øving torsdag 16.10.08

onsdag 8. oktober 2008

Kronprinsbesøk





Hei, alle våte, kalde og kjempeflinke musikantar. Vi gjorde ein kjempefin konsert i Øyskogen i dag, sjølv om vi blei klissvåte, var det ingen som klaga. Det synest eg er kjempeflott.


Tusen takk alle saman:-)



Øving

Torsdag 16. oktober er det planleggingsdag og skulefri. Det blir likevel vanleg øving for alle.
Håpar dei fleste kan kome.

onsdag 1. oktober 2008

Kulturskulekonsert

Laurdag 01.11.08 feirar kulturskulen 10 år, då skal korpset vere med å spele.
Konserten startar kl. 18:00, meir info kjem seinare.

Rauland 24-26.10.08

Hugs å levere lappen innan torsdag 02.10.08. Denne turen er for både aspirantar, juniorar og hovudkorps.

Årsmøte

Torsdag 23.10, er det årsmøte kl 18:00 på musikkromet. sakspapira blir dela ut på årsmøtet
NB! Det blir ikkje vanleg øving, men vi skal spele på årsmøtet.

Kronprinsparet

Onsdag 08.10.08, skal vi spele kl. 11:00 i Øyskogen. Møt fram kl. 10:00. Vi skal ha uniform, svarte sokkar og svarte sko. Hugs å sjekke uniformen.