torsdag 24. desember 2009

Joleftan

Tusen takk for flott speling på POS og i Moland Kyrkje. Nå kan endeleg korpset take seg ein velfortjent ferie. Det har vore veldig mange speleoppdrag i november/desember. Det kan vere slitsomt, men når me spelar så bra så er det mest moro. Særleg moro er det når vi får så mykje skryt for spelinga vår. Me har fenge mange flotte tilbakemeldingar etter adventskonserten, det er særleg Conserto D`Amore som har gjort inntrykk.

Eg må få takke alle foreldre som køyrer ungane til øving og konsertar,(og som hjelper til på basarar osb.) utan dykkar hjelp hadde me ikkje fått det til. Eg må au takke dei vaksne som er med i korpset sjølv om dei ikkje har ungar med, takk for at de er med og gjer korpset til det det er nå saman med alle dei andre i hovudkorpset, junior og aspirantar.

Endå ei gong må eg seie at eg er veldig stolt av korpset vårt.

Fyrste øving etter nyttår er 07.01.10, og så har me øving og konsert saman med Kvitseid Hornmusikk laurdag 09.01.10. Det er lurt å spele litt i jola slik at de held lippene i gang.

God jol og godt nyttår!

lørdag 19. desember 2009

Speling joleftan

Hei, på Pos møter desse: Nilia Kamilla, Jan Henrik, Serine, Louise, Anne Helene, Marte, Jonas og Trygve Jarle. Er der fleire som har lyst til å spele på Pos er det bare å kome. Me møter på Pos kl. 14:45, me skal spele  kl. 15:00. Viss du ikkje kan så sei i frå til TJ så fort du kan.

I kyrkja må alle som kan møte, me møter kl. 15:45. Me skal spele Himlen i min favn, long december night, Det lyser i stille grender, eg er så glad kvar jolekveld, deilig er jorden m.fleir.

OBS det er bare hovudkorpset som spelar joleftan.

fredag 18. desember 2009

Avlyst speling

Hei, spelinga på skulen til måndag er avlyst. Det er meldt 12-13 minus, å då klakar instrumenta med ein gong. Så då treng de ikkje ta med instrumenta.

søndag 13. desember 2009

Me syng og spelar inn jola

Hei alle saman, tusen takk for ein fantastisk flott konsert i kveld. Det er så moro å vere dirigent for eit slikt kjempebra korps. Eg er stolt av dykk, og eg håpar de er stolte de og:-)

mandag 7. desember 2009

Adventspeling

Hei, eg gløymde å sei takk for kjempeflott innsats hjå Joker og på Jolemarknaden.

Speling i Hegglandsgrend torsdag 10.12.09

Hei, desse skal spele i Hegglandsgrend: Auver, Marte, Serine, Louise, Anne Helene, Sibylla, Nilia Kamilla, Jan Henrik, David og Aase Katrine. Me møter kl.16.45. Viss du ikkje kan, sei i frå til Trygve Jarle snarast. 

onsdag 2. desember 2009

Kransekakebasar 2009

Tusen takk til alle musikantar, og foreldre for ein godt gjennomført kransekakebasar. Det var veldig moro å høyre aspirantane spele, dei hadde blitt veldig flinke. Du gjer ein flott jobb med dei Sarke:-) Moro er det og å dirigere junior og hovudkorps, eg syns me spela ein bra konsert.

Hugs at alle i hovudkorps og junior skal spele på julemarknaden til laurdag 05.12.09. Me skal spele kl. 12:00, de møter opp seinast kl. 11:45.