lørdag 27. juni 2009

God sommar

God sommar til alle musikantar og foreldre i Fyresdal Musikkorps. Tusen takk for nok eit kjempefint korpsår, som vart avslutta med speling i Kviteseid.

Tusen takk til Rodney som har lyft oss eit hakk til musikalsk. Håpar du får eit fint år i Nederland:-)

P.S. Det er lurt å øve litt i sommar, så treng me ikkje starte på nytt til hausten;-)

onsdag 17. juni 2009

Victoriafestivalen 2009

Victoriafestivalen 2009

Gjeld hovedkorps i Kviteseid og Fyresdal:Laurdag 20. juni speler vi i lag i Kviteseid. Vi skal vere med på å lage liv i sentrum, vere deltakare i talentiaden og vi skal spele når båten kjem

Program for dagen:kl. 11.30: Frammøte ved ICA/sekskanten.
kl. 12.00: Speling rundt i sentrum
Kl. 13.45: Alle må vere klar ved Bryggeparken
kl. 14.00: Vi åpner talentiaden og er deltakere i konkurransen.
kl. 14.30: MatLapskaus blir servert til alle musikantane i banken (inngang på baksida) mellom 14.30-15.30. Dette er under talentiaden og maten kan du ta med ut om du vil.
Kl. 16.15: Frammøte på brygga
Kl. 16.30: Speling på brygga når båten kjem.
Antrekk: Svart bukse og kvit skjorte/overdel. Ha med korpsgenser om det blir kaldt. Ha med noteklype, notestativ, noteperm og marsjmappe. Alle plasserar instrumentkassane sine i bilane.

søndag 14. juni 2009

Øving 18.06.09

Heisann, vil bare minne dykk på at det ikkje blir øving torsdag 18.06.09.

Vil og minne om at hovudkorpset skal spele saman med Kviteseid Hornmusikk på Victoriafestivalen i Kviteseid laurdag 20.06.09.

lørdag 6. juni 2009

Bygdedag

Hei, nok ein gong gjorde vi ein kjempegod konsert, vi fekk mykje skryt etterpå

onsdag 3. juni 2009

Øving 04.06.2009

I morgon kjem Kviteseid Hornmusikk for å øve saman med oss.