Hei, alle som var med til Danmark. Nok ein tusen takk for ein kjempefin tur. Det var ein spent gjeng som sette kursen for Danmark 20.06.08, vi plukka opp Kviteseid Hornmusikk i Treungen.
Vi har hatt nokon flotte dagar med tivoli, sirkus og bading, og ikkje minst speling. Vi deltok i tre konkurransar. I Primavista-konkurransen fekk vi 2. plass, i programkonkuransen fekk vi 1. plass, i marsj-konkurransen blei det 4. plass, og som om det ikkje var nok så fekk vi 1. plass samanlagt.
Same kvelden var vi på sirkus, då fekk vi som dei einaste ever som ikkje jobbar i sirkuset(Cirkus Dannebrog) lov til å stå i manesjen og spele. Vi spela då for ca. 600 tilhøyrarar. Det var ein fantastisk opplevelse å bli møtt av kjempeapplaus då vi kom inn i manesjen.
Eg vil få takke alle som var med på turen, for at dette vart ein oppleving for livet.
Takk til Rob for trygg turplanlegging og turleiing, takk til Jan Arild som fekk oss trygt til Danmark og heimatt, og tusen takk til Rodney som ledar oss på ein flott måte, og for at han let seg overtale til å stille opp i programkonkurransen;-)
onsdag 25. juni 2008
torsdag 22. mai 2008
Danmarkstur
Alle som skal vere med på Danmarksturen må skaffe seg Europeisk Helsetrygdekort, dette kan bestillast på internett på: https://tjenester.nav.no/helsetrygdkort/forside.do.
Du kan også bestille helsetrygdkortet på
NAVs automatiske Servicetelefon 810 33 810
SMS 26626
Skriv kort (mellomrom) fødselsnummer (11 siffer)
Send meldingen til 26626
NAV Helsetjenesteforvaltning Servicesenter 815 70 030
Du kan og innom NAV-kontoret i sentrum og bestille kortet der.
Du kan også bestille helsetrygdkortet på
NAVs automatiske Servicetelefon 810 33 810
SMS 26626
Skriv kort (mellomrom) fødselsnummer (11 siffer)
Send meldingen til 26626
NAV Helsetjenesteforvaltning Servicesenter 815 70 030
Du kan og innom NAV-kontoret i sentrum og bestille kortet der.
søndag 18. mai 2008
Fellesøving sundag 8. juni
Det blir fellesøving saman med Kviteseid Hornmusikk i høve Danmarksturen. Denne øvinga er fyrst og fremst for dei i hovudkorpset, og juniorar som skal vere med til Danmark, men alle er velkomne på øvinga. Øvinga er frå kl. 10.00-14.00. Det bli servert mat.
Bygdedagen 7. juni
Korpset skal spele kl. 11:00. Alle d.v.s hovudkorps, junior og aspirantar møter kl. 10.30 ved scenen i Øyskogen. Vi skal og ha kiosksal og lynlotteri. Kan kvar heim take med ein gevinst på ei øving innan torsdag 5. juni. Dersom du kjem tidleg på Bygdedagen kan du levere gevinsten din der.
.
.
17. mai 2008
Takk til alle i korpset, både store og små for kjempeflott innsats 17. mai. Takk til Rodney som har ein veldig travel dag, med pendling mellom Fyresdal og Kviteseid. Må og få takke Rob som tok på seg å bere fana. Viss nokon har bilete av korpset 17. mai vil eg gjerne ha dei så eg kan legge dei ut. De kan sende dei til e-post tjarlene@online.no.
fredag 16. mai 2008
17. mai
17. maigudstenesta blir i Moland kyrkje kl. 11.00, hovudkorps og juniorar møter i kyrkja 10.30.
fredag 9. mai 2008
Hurraaaaaa!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
Korpset fekk kr. 16000.- i støtte til Danmarksturen, det synes eg er veldig flott.
Så tusen takk til Hovudutvalet for kultur, oppvekst og omsorg.
Så tusen takk til Hovudutvalet for kultur, oppvekst og omsorg.
lørdag 26. april 2008
Kommentarar.
Hei, nå er det enklare å legge inn kommentarar på bloggen. Du treng ikkje registrere deg. Du bare klikkar på kommentar under innlegget. Då får du opp eit vindauge der du kan skrive kommentaren eller spørsmålet ditt, etter det skriv du inn dei bokstavane du ser nedanfor(ordbekreftelese), så kan du velge å legge ut kommentaren ved å klikke på navn/nettadresse, og skrive navnet ditt. Alle kan lese kommentarane. Ein kan og legge inn kommentarar anonymt, men det håpar eg at ingen gjer.
torsdag 17. april 2008
Viktig melding!!! Forandring av øvingstidspunkt.
Frå og med neste øving 24.04.08 blir øvinga for hovudkorpset utvida til 20.30.
Dette gjeld bare hovudkorpset.
Dette gjeld bare hovudkorpset.
onsdag 9. april 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)