lørdag 27. juni 2009

God sommar

God sommar til alle musikantar og foreldre i Fyresdal Musikkorps. Tusen takk for nok eit kjempefint korpsår, som vart avslutta med speling i Kviteseid.

Tusen takk til Rodney som har lyft oss eit hakk til musikalsk. Håpar du får eit fint år i Nederland:-)

P.S. Det er lurt å øve litt i sommar, så treng me ikkje starte på nytt til hausten;-)

onsdag 17. juni 2009

Victoriafestivalen 2009

Victoriafestivalen 2009

Gjeld hovedkorps i Kviteseid og Fyresdal:Laurdag 20. juni speler vi i lag i Kviteseid. Vi skal vere med på å lage liv i sentrum, vere deltakare i talentiaden og vi skal spele når båten kjem

Program for dagen:kl. 11.30: Frammøte ved ICA/sekskanten.
kl. 12.00: Speling rundt i sentrum
Kl. 13.45: Alle må vere klar ved Bryggeparken
kl. 14.00: Vi åpner talentiaden og er deltakere i konkurransen.
kl. 14.30: MatLapskaus blir servert til alle musikantane i banken (inngang på baksida) mellom 14.30-15.30. Dette er under talentiaden og maten kan du ta med ut om du vil.
Kl. 16.15: Frammøte på brygga
Kl. 16.30: Speling på brygga når båten kjem.
Antrekk: Svart bukse og kvit skjorte/overdel. Ha med korpsgenser om det blir kaldt. Ha med noteklype, notestativ, noteperm og marsjmappe. Alle plasserar instrumentkassane sine i bilane.

søndag 14. juni 2009

Øving 18.06.09

Heisann, vil bare minne dykk på at det ikkje blir øving torsdag 18.06.09.

Vil og minne om at hovudkorpset skal spele saman med Kviteseid Hornmusikk på Victoriafestivalen i Kviteseid laurdag 20.06.09.

lørdag 6. juni 2009

Bygdedag

Hei, nok ein gong gjorde vi ein kjempegod konsert, vi fekk mykje skryt etterpå

onsdag 3. juni 2009

Øving 04.06.2009

I morgon kjem Kviteseid Hornmusikk for å øve saman med oss.

onsdag 27. mai 2009

Bygdedag og Vicktoriafestival

Korpset skal spille i Øyskogen kl.11.00. Møte kl. 10.30 Hovedkorps og aspiranter møter i Øyskogen. Antrekk: GENSER

VICTORIAFESTIVALEN I KVITESEID 20.JUNI.
Hovedkorpset skal spille sammen med Kviteseid.Det blir forskjellig spilling mellom kl. 12.00 - 17.00.Nærmere program og eventuelle endringer finner dere på http://kviteseid.musikkorps.no

Antrekk: Svart bukse og hvit skjorte.Vi får mat en gang i løpet av dagen.Transport: privatbiler
Avreisetidspunkt kjem vi tilbake til.

mandag 25. mai 2009

Øving 28.05.09

Halla, hugs at det blir vanleg øving torsdag 28.mai. Aspirantane frå kl. 17:00-17:45, hovudkorps frå kl. 18:00-20:00.

søndag 24. mai 2009

Arbeidsliste Bygdedagen

BYGDEDAGEN 6.JUNI 2009

Så er vi klare for en ny bygdedag, folkens!
I år har vi i arrangementskomiteen bestemt at vi skal selge kaker, lapper, kaffe og brus. I tillegg vil vi ha ein gjettekonkurranse som det kostar 2 kr. å vere med på. For å få til dette, må vi brette opp ermer og trø til, alle mann! Les nøye igjennom lister og møt opp. Passar det ikkje, må du få bytta sjøl. Vi ynskjer alle ein fin bygdedag!

INNKJØP
Ansvar: Anette og Tilman

Handleliste:
6 kasser brus 0,5l, assortert
4 store poser filtermalt kaffe
papp: 200 kopper og 200 gode servietter
syltetøy: 2+2
1pose sukker
kaffefløte
kaffefilter
en rull med svarte søppelsekker
jif kjøkkenspray
billige kjøkkenkluter

Denne gangen handlar vi i Hauggrend. Sjekk bare at vi kan levere ubruka varer tilbakeJ
Lever handleliste i god tid og lever varene i Øyskogen lørdag morgon, seinast kl.09.00

TILRIGGING
Sette opp telt
Ansvar: Aase Katrine og Leiv Birger

Sette fram bord og stolar, og koble til skjøteledninger
Ansvar: Ingebret og Bjørn. Har nokon skjøteledning??

Komme med takke, kaffetrakter og glass med godteri
Ansvar: Inger

Lage plakatar og prislister
Ansvar: Erna og Inger

Låne kaffekanner frå Betel
Ansvar: Else Berit

Ordne med vekslepenger
Ansvar: Inger

Komme med øse og steikespade: Erna og Inger

BAKING
LAPPERØRE: Angela, Anne Brit, Anette og Hilde

OPPSKRIFT
1l sur mjølk
1l mjøl
3 ½ dl sukker
5 egg
1 toppet ts natron
1 toppet ts hjortetakksalt
75g smelta smør

LANGPANNEKAKER: Else Berit (glutenfri), Tone W, Anne Berit, Tone N, Joke, Elin, Aase Katrine og Jan Arild

Bak det de ynskjer! Pakk kaka godt inn og lever i teltet kl.10.00
Ps. Vi planlegger resteparty i arrangementskomiteenJ



ARBEIDSLISTE SJØLVE BYGDEDAGEN

Kl. 09.00 – 11.00: Angela og Lisbeth rigger til og starter salget, ta med kniv.

Kl. 11.00 – 13.00: Anne Berit og Torunn

Kl. 13.00 – 15.00: Marte, Nilia Kamilla, Hilde og Tove

Kl.15.00 – 17.00: Anne Helene, Serine og Tone W

Kl.17.00: Rydding: Anne Helene, Serine, Tone W, Auver, Jaran, Jonas, David, Jan Henrik, Andreas, Bjørn og Ingebret

KASTE SØPPEL: Jan Arild

RETURNERE VARER OG TOMGODS: Anette og Tilman

KJØRE EVENTUELLE RESTER TIL FRYSEBOKS: Tone og Trygve Jarle



LYKKE TIL!!

mandag 18. mai 2009

17. mai 2009

Tusen takk til alle musikantar for ein flott innsats 17. mai, eg synest at me var flinke i kyrkja, i toget og på folkefesten. Takk til Jan Henrik for flott dirigentjobb i kyrkja. Takk til Rodney som stressa fram og tilbake med Fyresdal og Kviteseid.

Er det nokon som har bilder eller ein filmsnutt av korpset 17. mai vil eg gjerne det.
Send til:
tjarlene@online.no eller trygve.jarle.nedrebo@fyresdal.kommune.no