tirsdag 19. januar 2010

Rodney`s korps på Ameland

Her er ein link korpset til Rodney  klikk på Fotos & Muziek så finn de bilete av Rodney og korpset.

søndag 10. januar 2010

Speling Vrådal

Hei, takk for innsatsen i Vrådal  i går. Eg synest at me spela bra. Me fekk mykje skryt etterpå, og det er moro å spele saman med Kviteseid Hornmusikk.

mandag 4. januar 2010

Årets viktigaste spelejobb

LAURDAG 9.JANUAR




SKAL KORPSET VÅRT SPELE, SAMAN MED


KVITESEID HORNMUSIKK, I VRÅDAL


PÅ NMF SIN KORPSKONFERANSE


PÅ STRAAND HOTELL.


PROGRAM:


Kl. 11.00: Avreise frå Gimle skule i biler


Kl. 12.00: Øving


Kl. 13:30: Mat


Kl. 14:00: Øving


Kl. 17:00: Mat


Etter mat reiser vi til Straand Hotell


Kl. 19.30: Konsert


Antrekk: Korpsgenser


Ta med niste


Hugs å pusse instrumenta

Spelinga Vrådal 09.01.10

NMF arrangerer kvart år korps-konferanse på Straand hotel andre helga i januar. I år skal Fyresdal Musikkorps i lag med Kviteseid Hornmusikk spele på konferansen. Hald av denne dagen, og sjå foreløpig program for laurdag 9.januar:




Kl. 12.00: Øving i lag med Kviteseid Hornmusikk i aktivitesrommet på Kviteseid skule.

Kl. 13.30: Mat

Øving fram til ca kl. 17.00

Pause

Kl. 19.00: Frammøte på Straand hotel

kl. 19.30: Konsert


Antrekk: korpsgenser.

torsdag 24. desember 2009

Joleftan

Tusen takk for flott speling på POS og i Moland Kyrkje. Nå kan endeleg korpset take seg ein velfortjent ferie. Det har vore veldig mange speleoppdrag i november/desember. Det kan vere slitsomt, men når me spelar så bra så er det mest moro. Særleg moro er det når vi får så mykje skryt for spelinga vår. Me har fenge mange flotte tilbakemeldingar etter adventskonserten, det er særleg Conserto D`Amore som har gjort inntrykk.

Eg må få takke alle foreldre som køyrer ungane til øving og konsertar,(og som hjelper til på basarar osb.) utan dykkar hjelp hadde me ikkje fått det til. Eg må au takke dei vaksne som er med i korpset sjølv om dei ikkje har ungar med, takk for at de er med og gjer korpset til det det er nå saman med alle dei andre i hovudkorpset, junior og aspirantar.

Endå ei gong må eg seie at eg er veldig stolt av korpset vårt.

Fyrste øving etter nyttår er 07.01.10, og så har me øving og konsert saman med Kvitseid Hornmusikk laurdag 09.01.10. Det er lurt å spele litt i jola slik at de held lippene i gang.

God jol og godt nyttår!

lørdag 19. desember 2009

Speling joleftan

Hei, på Pos møter desse: Nilia Kamilla, Jan Henrik, Serine, Louise, Anne Helene, Marte, Jonas og Trygve Jarle. Er der fleire som har lyst til å spele på Pos er det bare å kome. Me møter på Pos kl. 14:45, me skal spele  kl. 15:00. Viss du ikkje kan så sei i frå til TJ så fort du kan.

I kyrkja må alle som kan møte, me møter kl. 15:45. Me skal spele Himlen i min favn, long december night, Det lyser i stille grender, eg er så glad kvar jolekveld, deilig er jorden m.fleir.

OBS det er bare hovudkorpset som spelar joleftan.

fredag 18. desember 2009

Avlyst speling

Hei, spelinga på skulen til måndag er avlyst. Det er meldt 12-13 minus, å då klakar instrumenta med ein gong. Så då treng de ikkje ta med instrumenta.

søndag 13. desember 2009

Me syng og spelar inn jola

Hei alle saman, tusen takk for ein fantastisk flott konsert i kveld. Det er så moro å vere dirigent for eit slikt kjempebra korps. Eg er stolt av dykk, og eg håpar de er stolte de og:-)

mandag 7. desember 2009

Adventspeling

Hei, eg gløymde å sei takk for kjempeflott innsats hjå Joker og på Jolemarknaden.

Speling i Hegglandsgrend torsdag 10.12.09

Hei, desse skal spele i Hegglandsgrend: Auver, Marte, Serine, Louise, Anne Helene, Sibylla, Nilia Kamilla, Jan Henrik, David og Aase Katrine. Me møter kl.16.45. Viss du ikkje kan, sei i frå til Trygve Jarle snarast.