onsdag 29. april 2009

Konserthelg

Hei, takk for ei fin helg med øving og konsert. Det vart ein fin konsert vi kan vere stolte av.
Takk for hyggeleg besøk av Kviteseid Hornmusikk, det er veldig moro å spele i stort korps.
Takk til Sarke og Rodney for god instruksjon av aspirantar og hovudkorps, og ikkje minst ein stor takk til foreldra som stiller opp som nattevakter, og som ordnar god mat til oss.

Viss det er nokon som har bilete frå helga vil eg gjerne ha dei, slik at eg kan legge dei ut på nettsida vår.De kan sende dei til: tjarlene@online.no eller trygve.jarle.nedrebo@fyresdal.kommune.no, eg kan og få dei på cd eller minnepenn.

P.S: hugs at øvingane fram til 17.mai er frå 17:00-20:30.

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for sist og for ei fin helg i Fyresdal! Alle gjorde ein stor innsats på ein flott konsert! Vi gleder oss til å spille i sammen med dere igjen i Kviteseid 20. juni!
Hilsen Marit